froystad_logo_r.png
 
 
 

Arctic Power Steelrope (Snurrevadtau)

img_2141.jpg

Svært gode tilbakemeldingar på vårt snurrevadtau, som har blitt brukt og testa i harde og tøffe forhold.

Vi har kundar som har brukt vårt snurrevadtau i lengre periodar og er kjempenøgde med tauet; dei er så sikre på produktet vårt at dei allereie har bestilt fleire tau til komande sesong.

Tilbakemeldingar frå kundar:

-           Bra å få tau utan spleisar – opptil 3000 meter i 50 mm dia i ei lengde utan spleis.
-           Ikkje hatt kankar (Engelskmenn) på tauet.
-           Viser mindre slitasje på tauet enn kva liknande tau ville vore på same tid.
-           Har berre redusert tjukkelsen frå 46mm til 44,5mm etter over 100 halingar.

Vi tilpassar produksjonen etter kundens ønske, dimensjon, lengde og vekt.

Brotstyrke på tauet er det beste på marknaden, med velprøvd og gode eigenskapar på fiber mot slitasje, spunne rundt wirekjernen i alle kordeler.

Vi har stor tru på snurrevadtauet vårt der kvalitet er i fokus.

Kundane skal føle seg trygge på å handle hos oss og vi ønsker å være kundens første val på snurrevadtau.

Vær oppmerksam på: Det må brukast store skiver mot tauet, der skivediameter er minst 9 X taudimensjonen. Svivlar med kulelager skal ikkje brukast. Anbefalar at tauet spolast av ved bruk av dreieskiver.